Loading...
Historie 2018-09-06T21:17:05+00:00

Gardsnamnet Sve kjem av Sveð, som betyr å rydda ved å svi ned vegetasjonen, og uttales své. Vi ser i ulike dokumenter at skriveformen er variert frå Sued i 1520 og framover med Suede, Suee,  Suedt, Suee, Svee og no altså Sve. Garden er truleg langt attende skild ut frå gardsvaldet Øy som er eit enda gamlare gardsnamn.

Slekta vår har vore på Sve så lenge attende som vi har skriftlege kjelder. Vi kjenner namna til dei 14 siste generasjonane og Sve har nå gått frå foreldre til barn i direkte linje i 13 generasjonar. Det er artig å registrere at 4 jenter har arva garden, den fyrste jenta i 1698, så i bondekulturen var det nok ei viss likestilling. Vi har mange artige historier om og etter dei som har budd her før oss. Desse er trivelig å dele, kanskje spesielt med dei greinene av familien som har utvandra.  

Frå gamalt av var det her på garden rundt 20 kyr, 20 geiter og 20 sauer, griser og høner. Skysstasjonsdrifta kravde fleire hestar enn dei 4-5 som var vanleg på gardane her. Dei dyrka gras, bygg, havre, erter, poteter, lin, hamp og alt dei elles trong. Dei sanka i tillegg lauv og lav for å drøye vinterforet. Mjølkeproduksjonen var basert på fjellbeite ved setra Stuttgongen i Jotunheimen. Reisa dit kunne vere strabasiøse 45 km men dei hadde kvilingsseter midtvegs, i Randsverk, der dei overnatta. Forsyninga av mjølk heime på garden vart besørga av nokre kyr på heimsetra, Veslesetra, 3,5 km oppe i lia. 

Fjellressursane var viktige og spesielt for dette området var at dei gjorde to seterreiser i året. Om våren beita ein utmarka rundt garden, så reiste ein til seters i juni og ned att i august. Der beita ein på nytt rundt garden for så å reisa til fjells med buskapen i november for å ete det foret ein hadde sanka saman om sommeren. Såleis var det mange som feira jul i fjellet den tida. Da foret på setera tok slutt fløtte ein heim at. Dette heiter «Vinterlego» og var ein ekstrem form for utnyttelse av fjellressursane der det var lettare å flytta dyra til maten enn omvendt slik det ofte er i dag. 

Hovedproduksjonen no er dyrking av Mandelpoteter, samt 180 vinterfora sauer som gjev rundt 300 lam. Krav til effektivitet har gjort at ein må spesialisera seg for å kunne leva av landbruksproduksjon som i all anna verksamheit. Produksjonen av mandelpoteter er forhaldsvis stor, og det må den vera for å vere konkurranse- og leveringsdyktig i dagens marked. Vi er svært heldige og får leid jord som egnar seg til mandelpotet av gode samarbeidspartnarar og grannar i Vågå og på Selsvollane i nabobygda Sel.

Frå jorda skal det haustas 

Jorda på garden ligg på elvesletta ved Vågåmo og består av mykje sand yst mot elva og blir meir og meir silthaldig når du nærmar deg dalsida. Oppe i dalsida er det rein silt, eller leir som vi kallar det. Jordarten er danna av kambro-silur bergartar som er svært næringsrike. Det høge næringsinnhaldet og alkaliteten er ei utfordring for potetdyrking da dyrkingsteknikk og vatning må innrettast på ein heilt spesiell måte, elles vil ein lett få kvalitetsfeil på skalet av mandelpotetane. Dette er noko vi har måtta lære oss ettersom krava til ytre kvalitet av poteter har auka år for år. Vi konkurrerer med moderne utanlandske sortar som er utvikla for å sjå glatte og fine ut med mandelpoteter som  har vore dei same sidan dei vart innført her på 1600 talet.

Oppsida av den spesielle jordarten og dyrkingsteknikken vi har er at det gjev potetene ein særegen smak. I testar utmerker våre mandelpoteter seg med ein «nøtt og fruktsmak» på smakskartet.

Vatning er sers viktig i vårt område. «Skaffar Gud sol, skaffar vi sjølve vatn» er eit gamalt ordtak. Vatningsteknikken er noko du må mestre skal du klara å produsera kvalitet. Vi har i fleire hundre år streva med dette i nord-Gudbrandsdalen. Milevis med veiter er grave for å lede vatn frå  fjellet ned til gardane i bygda. Enda er rester av desse imponerande arbeida i bruk på enkelte gardar i området.   

Maskinane vi brukar har GPS styring med +/- 1cm nøyaktigeheit. Her kan vi styre tilførsel av innsatsfaktorar for å få justert det slik vi vil. Vi set kvart år over 1.000 km med potetrender så ein treng godt utstyr for å få dette perfekt. Riktig settedybde, riktig jordoverdekning, riktig gjødselmengde på riktig sted o.s.v.  Det skal også gå fort da våren er stutt og plantene treng den tida dei kan få i fjellbygda Vågå.

Om hausten må ein få avlinga i hus før frosten kjem. Potetene tåler ikkje kulde og vi haustar 2.500 tonn på 4 veker. Da må utstyret vere i orden for dette er ikkje rette tida å foreta reparasjonar.

Sau på fjellbeite er eit flott syn. I Stuttgongkampen beitelag der setra ligg samarbeider 9 gardar om tilsyn med dyra. Fast ansatt gjetar følgjer dyra heile sommeren i tillegg til dyreeigarane som er ute, 1-2 av oss kvar dag.

Saueproduksjon er ein triveleg produksjon som gjer at vi får utnytta beiter og slåttemark heime og ikkje minst dei store beiteressursane i fjellet. Saueproduksjonen fører til at familie og vener samlar seg til dei store begivenheitene lamming, beiteslepp og ikkje minst sankinga om hausten.

På fjellbeitet har sauen tilgang til allsidig kost av urtar og grasartar. Beiteområdet er rikt på sjeldne beiteplantar. Beitelaget får ein symbolsk sum frå staten for å ta vare på dette mangfaldet av planter som er avhengig av at det blir beita.

På Sve leverar vi årleg rundt 250 lam til slakting rett frå haustbeite. Vi har starta så smått med å foredla noko av kjøttet sjølve, i fyrste omgang fenalår, for å servera til gjestene våre.

Kunst- og kulturlandskapet

Fleire norske og utanlandske kunstnare har budd og virka her. Erik Werenskjold budde blant anna her i fleire periodar for å få arbeidsro og inspirasjon etter han fekk i oppdrag å illustrere «Norske folkeeventyr» av Asbjørnsen og Moe. Sve er og kjent frå Vågåsommeren, da mange kjende kunstnarar samla seg i Vågå. Andre namn en finner i gjestebøkene er namn som forfatteren Henrik Ibsen, komponisten Frederick Delius og maleren Sveen Havsteen-Mikkelsen.

Kontakt oss