Loading...
Heim 2018-05-04T09:41:55+01:00

Velkommen til Sve, ein gamal slektsgard med tradisjonar for å ta imot folk. På garden har det frå gamalt av vore skysstasjon. Pensjonat som vart bygd i 1898, vart utvida til eit gardshotell på 50 talet og vart drive med overnatting, møter, byllup og andre selskaper fram til århundreskiftet. 

Ein gravhaug inne på tunet vitnar om at her har det budd folk lenge. Vi er opptekne av å ta vare på kulturarven i brei forstand samstundes som vi tar tilgjengeleg teknologi og kompetanse inn i landbruksproduksjonen. 

Mange er innom på garden for å handle poteter og besøkje brenneriet og vi er opptekne av at det skal vere triveleg å koma til oss. 

Velkommen!

Kontakt oss

Garden

Sve tyder jord som er rydda med brann. Navnet passer og godt med tanke på brenneriet vi har etablert og vi kan trygt si at vi brenn for både garden og matkulturen. På Sve har det frå langt attende i tid vore skysstasjon som vart ombygd til pensjonat og seinare hotell. På garden produseres det i dag sauekjøtt og mandelpoteter. 

Folka

Harald og Line driv, saman med borna Erik, Johanne, Ola og Thor, garden Sve. Med seg har familien gardskarane Kåre og Roman samt gjestearbeidarar i travlaste onna.

Slekta har vore på garden i fleire hundre år og dagens familie er 13. og 14. generasjon. Vi er opptekne av å ta vare på kulturarven og å bruka denne som fundament for vidare utvikling av garden. 

Råvarene

De mandelpotetene som sorterast ut av matpotetene blir brukt som råstoff til spriten. Dei lagres på kjølelager til de skal anvendes, for å beholde kvaliteten fram til vasking, hakking og fermentering. 

Urter- og krydderplanter som skal gi smak skal vi dyrke og samle lokalt. Dette er ein stor utfordring og det er langt fram, men vi er underveis! Nå i starten må vi kjøpa ein del frå leverandørar.

Mandelpoteter

Hovedproduksjonen på garden er mandelpoteter. Vi har utvikla ein produksjonsmåte der kvaliteten er i høgsetet. Fokuserer ein på kvalitet kjem volumet av seg sjølv ved at forhalda vert lagt best mogleg til rette for plantenes utvikling. Utfordringane er dei mange og dette kan du finne meir om under fanen «Garden» 

Brenneriet

Da vi begynte å sysle med tankane om eit brenneri som ein del av potetforedlinga var det Akevitten, sjølvaste nasjonalbrennevinet, vi sikta oss inn på. Når vi nå har utstyret på plass og har starta produksjonen har vi vorte fasinert over alle dei smakane vi klarar å fange av naturen rundt oss. Einer, Krekling, Ryllik, Marikåpe, Villkarve, Rogn, Solbær, ja alt i naturen har sin særskilte smak.

Utfordringa er korleis ein skal gå fram for å fanga smaken slik at den framstår på sitt reinaste og friskaste, dette er det vi brukar mest tid på. Smakane skal harmoniserast med kvarandre for å gje dei beste opplevingane og det vert også meir interessant å prøva om ein kan gjenkjenne elementer frå naturen i produkta.

Smaksuniverset er stort og ein må prøva seg fram med ulike teknikkar og kombinasjonar. Ein må prøva ulike vekstar og plantedeler, blad, stengel, rot eller blomar, alt har ulik smak og det tek aldri slutt. Fatlagring endrar smak og karakter avhengig av tresort, alder og historikk til fata. Det er noko nytt å lære heile tida.

Sve Gardsbrenneri

Vågåvegen, 2680 Vågå
Tlf: 959 82 201  |  Send e-post